Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2025

Han har milliardærar bak seg

  Nybil-salet av Tesla er halvert. Men framleis surfar vi tankelaust på sosiale media og fyller pengebingen til oligarkane som kuppar USA. Eit propaganda-bilde frå nazi-tida viste eit bilde av Hitler framfor store mengder soldatar og den truande teksten: «Han har millionar bak seg». Motstandsrørsla spreidde ein plakat med same motivet, men bytte ut soldatane i bakgrunnen med pengesetlar. Bodskapen var klar: Bak Hitler står Krupp og IG Farben og heile den tyske storkapitalen. Minst like tydelege var bilda frå president-innsetjinga til Donald Trump. Den triumferande Trump stod fremst. Like bak han stod dei rikaste i landet, skulder ved skulder. Her var Mark Zuckerberg (Meta/ Facebook, Instagram, Whatsup) og Jeff Bezos (Amazon og den no sensurerte Washington Post). Her stod også riking nummer ein, Elon Musk (X/Twitter, Tesla og Space-X), Han løfta handa på nazi-manér, så det gjekk kaldt nedover ryggen på demokratar verda rundt. Meir og meir er det blitt klart at den ubereknelege...

I skvis mellom kjemper

  Europa har   hamna i skvis mellom brutale stormakter i aust, vest og sør. «No må vi henge saman. Eller så blir vi hengde kvar for oss», sa tidlegare statsminister Jan P. Syse ein gong. Sjeldan har dette gamle jungelordet passa betre enn no. Den eine ulukka har ramma oss etter den andre. Det byrja kanskje med koronaen. Så gjekk Putin frå hemmeleg hybridkrig til fullskala militær invasjon i Ukraina. Så kom den folkevalde Trump på banen med forsøk på eit slags statskupp i USA. Han prøver ikkje ein gong å skjule at han driv utpressing. Bløff og trugsmål blir brukt mot krigstrøytte ukrainarar for å få fingrane i   naturressursar som innbyggjarane sjølve så sårt treng for å byggje opp att det utbomba landet sitt. Langt mot sør finn vi Kina og den eineveldige Xi, som sjarmerer oss med rimelege bilar og billig husefyll frå postordre-suksessen Temu. Han ser ut som ein teddybjørn og snakkar med innestemme, men han har minst ein rev bak kvart øyre. «Putin og Trump er som ki...