Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2025

17. mai 2025

  Gratulerer med   dagen, godtfolk! Det er ein fantastisk dag. Flagg i vinden, kvite fjell, grøne lier. Ungar i finstasen med iskrem rundt munnen og grønske på knea. Stolte foreldre i blådress og bunad. Dette er dagen for å feire oss sjølve og landet vi bur i. Vi feirar folkestyre og våre humanistiske verdiar. Vi feirar våre demokratiske tradisjonar og ropar hurra for fellesskap og tryggheit. Det er verdiar vi ikkje tenkjer så mykje på elles. Det er lett å sjå på slike tradisjonar og verdiar som sjølvsagte. Men dei er kanskje litt mindre sjølvsagte i år enn tidlegare. ----   For det er tunge tider vi lever i. Den utanrikspolitiske situasjonen har ikkje vore meir alvorleg på åtti år, seier utanriksministeren. Altså sidan krigen. Stormaktene har blitt grådigare. Det er krig i Europa. Russland driv angrepskrig og gjennomfører nådelaus bombing av sjukehus og bustadblokker i Ukraina, natt etter natt. No kan vi heller ikkje kjenne oss trygge for våre gamle allierte i ...

Langs gamlevegen

  Eg går og ruslar langs gamlevegen og gjer så godt eg kan for ikkje å legge hendene på ryggen. Å gå med hendene på ryggen er ok viss du er skøyteløpar, eller også om du dreiv med skihopping i gamle dagar. Elles er det eit kjenneteikn på gamle folk med vondt i ryggen. Sjølv om eg har kome til skills år og alder, kjenner eg meg omtrent like halvsprek som eg alltid har vore. Likevel skal det berre ein augneblinks konsentrasjonssvikt til, så lurer armane seg bakover og nevane legg seg til   kvile på rumpa.   No likar eg å ha god tid og eg likar ikkje høge lydar. Eg går til postkassa kvar morgon. Det kjennest som ein kraftig nedtur om avisa ikkje er komen, sjølv om eg godt veit kvar på   datamaskina eg kan finne den digitale   versjonen.   Min generasjon ristar oftare på hovudet enn før. Det synest vi at vi har grunn til.   Eg har   alltid hatt sympati for Bunadsopprøret, der flotte kvinnfolk i bunad kom i flokk frå øyar og utkantgrender for å...