Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2026

Forteljarane har blitt vekk

  Forteljarane som vart vekk Forteljartradisjonen ligg på sotteseng. Dei som skal underhalde oss, har begynt å forklare i staden for å fortelje. Kvar har det blitt av dei som kunne skrøne saman høgst tvilsame og usannsynlege historier på ein slik måte at publikum flokka seg leande rundt dei og bad om meir. Det var mange fleire av dei for ein generasjon eller to sidan  På arbeidsplassane, på gatehjørnet, eller i sofakroken i godt lag. Når folk i dag må vente i tre minutt, dreg dei fram telefonen og ser på morosame «reels» for å korte tida. Desse små filmsnuttane, som til eksempel handlar om tjukke folk som ramlar på rumpa.  Men det er ingen av dei som ler. Sjekk stemninga bakover i bussen: Medpassasjerane dine skrollar frå den eine morosnutten til den andre med eit ansiktsuttrykk som skulle dei vere på veg til si eiga gravferd.  Ei god historie må ha eit overraskande poeng og må ha ein formidlar som er god på tonefall, ordspel eller dramatisering og himmelropande over...

I gåsegang

  Løypa er hardfrosen og bratt. Når vi endeleg let det stå til ned den lange bakken, ser vi tre muntre jenter nedst i sporet, opptekne med å ta selfie saman med ein virren veskehund. Det kjennest som å oppleve flystyrt i sakte film. Det var på håret. Både jentene og bikkja kjem seg vekk akkurat i tide før vi vaklar forbi i stor fart med viftande   stavar og skjelv i beina.   Sorry, ropar jentene forskrekka etter oss. Nei, sorry? tenkjer vi som nettopp var på beinbrotets rand og no har fått hjartepumpa under kontroll igjen. Tenk, slike høflege ungdommar! Litt drama i bakken høyrer no berre til! For kan ein ha det betre? Både naturen og motbakkane er eigna til å ta pusten frå ein. Vi speidar over til solsida, der skitrekket durar og det blenkjer i dei tusen glasruter i hyttebyen. Vi minnest hyttetur i vår grøne ungdom, då vatn skulle berast og doar tømmast før ein kunne kvile ut på ein hard pinnestol, drikke lunka kokekaffi og bruke kvelden til å sjå filosofisk inn i...