I gåsegang

 


Løypa er hardfrosen og bratt. Når vi endeleg let det stå til ned den lange bakken, ser vi tre muntre jenter nedst i sporet, opptekne med å ta selfie saman med ein virren veskehund. Det kjennest som å oppleve flystyrt i sakte film. Det var på håret. Både jentene og bikkja kjem seg vekk akkurat i tide før vi vaklar forbi i stor fart med viftande  stavar og skjelv i beina.

 Sorry, ropar jentene forskrekka etter oss. Nei, sorry? tenkjer vi som nettopp var på beinbrotets rand og no har fått hjartepumpa under kontroll igjen. Tenk, slike høflege ungdommar! Litt drama i bakken høyrer no berre til!

For kan ein ha det betre? Både naturen og motbakkane er eigna til å ta pusten frå ein. Vi speidar over til solsida, der skitrekket durar og det blenkjer i dei tusen glasruter i hyttebyen. Vi minnest hyttetur i vår grøne ungdom, då vatn skulle berast og doar tømmast før ein kunne kvile ut på ein hard pinnestol, drikke lunka kokekaffi og bruke kvelden til å sjå filosofisk inn i peiselden. Ei tid var og ei anna vart. No filosoferer hyttefolket framfor skjermen. Dei godt isolerte fritidsbustadene deira er større enn huset nede i bygda og med mindre avstand til naboen. Og hit har dei rømt frå ståk og stress. Dei om det.

 I løypa er vi i alle fall  alle like, anten vi bur høgt og gjeldbundne oppe på Kongshaugen eller vi er proletarar og må bruke eit kvarters tid i bil for å kome opp i vintereventyret. Her går høg og låg i flokk og følgje. Vi kan sjølve regulere kor sosial vi vil vere. Vi kan  finne vår eigen fjelltopp der vi kan stå og sjå ned på sambygdingar i gåsegang. Men dei fleste vel å gå løypa på høgresida av vatnet og ha sola i ryggen i starten. Slik kan vi ha sola i fjeset og sjå lekre ut i kule solbriller i innspurten gjennom hyttebyen. Dei som er ekstra sosiale, går runden rundt vatnet mot fartsretninga. Slik møter dei alle dei kjenner ansikt til ansikt og kan ta opp att gammalt vennskap.

Same kva veg vi går, prøver vi å seie hei til kjende og ukjende og vinke med bladvottane. Konkurransedrivne ungdommar, med treningsøkta på den tida det er flest menneske i løypa, er dei vanskelegaste å få kontakt med. Magre og senesterke er dei, i reflekterande solbriller og kroppsnære skidressar utan luftmotstand. Her er det heller inga polstring og det er umogleg med  pause i sprinttreninga utan å fryse ræva av seg.

 

Men dei fleste har rikeleg tid. Her kjem det seige bestemødrer med felleski og gjennomtenkte hjelperåder mot kulde og alt ubehag. Dei smiler raudkjaka til alle dei møter og veit eksakt kvar sola tek best og varer lengst. Der slår dei seg ned på sine godt isolerte sitjeunderlag og utvekslar termoskaffi og påsmurde lefser frå sekken. Etter ei stund melder også ektemennene seg. Dei pustar litt tyngre, men har sine prinsipp. Hos dei er det anten blå eller raud Swix som gjeld. Det står dei på, om dei er aldri så plaga av klabb og is i rubben.

Nokre gongar kan ein også treffe på variantar av idolet Lars Monsen, komplett med breie fjellski og samekniv i beltet. Ryggsekken er grå og av gamlesorten. For skikkelege fjellfolk gir det inga meining å berre slenge seg ned i ei solhelling og opne ein kvikklunsj. Skal ein først stoppe, skal ein slå leir. Bål må tennast, steikjepanna må fyllast med bacon og pølser. Eller endå betre, tradisjonskost for alle som har vore i militæret: Død mann i boks. aka Forsvarets reserveproviant RSP,  for eksempel av den prima årgangen 1986.

For moteinteresserte er løypa reine catwalken for det siste og nyaste av fargerik sportskonfeksjon. Her kan sykkylvingar vise seg fram og  stråle av skiglede i fotogene omgjevnader. Det siste i teknisk skaljakke og det argaste av  randonné-ski får anerkjennande nikk. Andre fjongar seg i moterett og upraktisk heilkvitt og har fargerike skjerf snurra mangfaldige gongar rundt halsen. Dei er varsame i unnabakkane. Ingen har lyst å bremse med rumpa gjennom harde issvollar og gul snø.

Slik lever vi her, tenkjer vi. Ikkje rart at folk er misunnelege!

(Nyss 30.01.2026)

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hekta på slekta

17. mai 2025

Ein time attpå