Forteljarane har blitt vekk
Forteljarane som vart vekk
Forteljartradisjonen
ligg på sotteseng. Dei som skal underhalde oss, har begynt å forklare i staden
for å fortelje.
Kvar har det blitt av dei som kunne skrøne
saman høgst tvilsame og usannsynlege historier på ein slik måte at publikum
flokka seg leande rundt dei og bad om meir. Det var mange fleire av dei for ein
generasjon eller to sidan På
arbeidsplassane, på gatehjørnet, eller i sofakroken i godt lag.
Når folk i dag må vente i tre minutt, dreg
dei fram telefonen og ser på morosame «reels» for å korte tida. Desse små
filmsnuttane, som til eksempel handlar om tjukke folk som ramlar på rumpa. Men det er ingen av dei som ler. Sjekk
stemninga bakover i bussen: Medpassasjerane dine skrollar frå den eine morosnutten
til den andre med eit ansiktsuttrykk som skulle dei vere på veg til si eiga gravferd.
Ei
god historie må ha eit overraskande poeng og må ha ein formidlar som er god på
tonefall, ordspel eller dramatisering og himmelropande overdrivingar. Har ein
det, kan ein formidle ei totalt usannsynleg og løgnaktig framstilling av
verkelegheita og bli lønna med latterkuler. Det set fantasien i sving. Vi ser
dei bisarre scenene for vårt indre auge og let oss fange av historia. Kontrasten
mellom det som er faktisk er sant og det som blir sagt kan vere stor humor, så
sant forteljar og tilhøyrar er på bølgelengde. Er dei det ikkje, må naturlegvis
publikum oppfatte historia som aldeles ko-ko.
Ein dyktig forteljar brukar gjerne dei
same verkemiddela som ein forfattar eller ein skodespelar. Mimikk eller mangel
på mimikk, «deadpan» - eller «tongue in cheek» for å signalisere
at han er ein skøyar. Mykje kan gjerast med stemma eller eit lurt og
innforstått blikk. Historier som går over alle støvelskaft, må vere godt
regisserte. Dette er noko vest- og nordlendingar frå gammalt av er gode til. Med
folk frå Austlandet må ein vere forsiktig. Mange kjenner ikkje den
grunnleggjande skilnaden mellom å skrøne og å lyge. Og så kan dei bli forarga
på ein løgnaktig forteljar, medan vestlendingar haukar og ler.
Nokre hugsar vel enno då lokale forteljarar
samlast til skrønemakarfestival i Velledalen under Atle Hole og idrettslaget si
kyndige leiing den gongen totusentalet var ungt. Historiene finst i opptak, men
det er umogleg å attskape stemninga som oppstår når folk som elskar historier
møter folk som er glade i å fortelje. Ein klassikar stod Oddbjørn Brautaset frå
Ørsta for. Med glatt ansikt fortalde han ei heilt usannsynleg historie om ein
jase (hare) som kvar dag kom inn i jarnvarehandelen i Ørsta for å kjøpe gulrot.
Publikum låg over borda og lo. Og dei lo meir, di fleire gongar dei høyrde historia.
Slikt opplever vi ikkje ofte lenger. Nyleg kom
det også eit internasjonalt farevarsel: Forteljarkunsten er i ferd med å døy,
skreiv det dønn seriøse britiske magasinet The Economist: Storytelling har
blitt storyselling. Kulturkommentatoren Ida Wammer i KK lytta til kva folk
rundt henne snakka om og rapporterer frå folkedjupet: Det fleste klagar. Det
har vi naturlegvis alltid gjort. Men ingen fortalde kvarandre historier lenger.
Det dei gjorde, var å utveksle informasjon.
Kva er årsaka til forfallet? Er det dei
som fortel som har skulda eller er det publikum som har forandra seg? Kanskje
begge delar. Men mest skuld har sosiale media, som pøser på med lettfordøyeleg tidtrøyte som øydelegg den med-diktande
evna hos publikum.
Ein av dei som kunne fortelje dei villaste
historier med stor autoritet, var gamle-lensmann Bernt Tandstad i Sykkylven. Ei
historie, attgjeve i samlinga «Lett på døsa di», handla om då Aure-bøndene
skulle transportere ein ustyrleg storokse med båt til garden Kyrkjesteinen på
Furstranda. Historia kulminerte med at oksen trakka sund båten, rømde på land
og la av gårde oppover bakkane med båt
og mannskap i tauet etter seg. Høgt oppe i bakkane tverrsnudde plutseleg oksen
nedover igjen i retning av eit solid ishus med metertjukke steinvegger. Forteljaren
våga ikkje sjå. Men då han forsiktig opna augo igjen «såg ej nå’ Eljas-Lars
sitje i båten midt ute i Storfjorden på veg mot Glomset. Ishuset heldt han på
strak arm.
- Er dette sant, vart Eljas-Lars spurd ei
tid etterpå.
- Sant ja, kvart eit ord, var svaret. Men
du og du for eit minne dokke he’!
Kommentarer
Legg inn en kommentar