Miljøkamp på kysten anno 1803
Brenning av tang hylla kysten frå Sunnmøre til Fosen inn i svart og illeluktande røyk. Dei sterke protestane førte til at ein utsending frå regjeringa i København vart send nordover. Han rapporterte tilbake om kraftig motstand mot ein produksjon som kystfolket hevda ikkje berre øydela for fisket, men også for jordbruket, skipsfarten og klimaet. Motstanden mot tangbrenninga har sine parallellar til dagens protestar mot oljeutvinning i fiskerike område, dumping av gruveslagg i fjordane og vindmøller på Haramsøya. Nokre såg på oskeutvinninga som viktig næringsutvikling som gav arbeid og pengar til kystfolket. Men fleire såg på verksemda som eit stort trugsmål mot kystens tradisjonelle næringar, fiske og jordbruk. Tang som ressurs Frå dei eldste tider hadde tangen vore ein ressurs for folk langs kysten. Den kunne haustast på fjøre sjø og vart brukt til jordforbetring og gjødsel, men også som dyrefor og også til tider som kosttilskot for menneske. På 1700-talet hadd...