Skjønne milde
Skjønne milde Kom mai, du skjønne milde, syng vi i desse dagar og med god grunn. I morgon får vi det som vi vil. April er ein berre lovnad det er opp til mai å halde, seiest det. Av og til held det hardt og ofte må ein også få hjelp frå juni, juli og august før våryre forventningar så nokolunde er innfridde. Og mai skal det bli også i år – i morgon den dag. Lauvsprett. Mai er månaden for lauvsprett og grønkande lier, chickelacke og lavesko, arbeidartog og lønnsmekling på overtid, nasjonaldag med pølser og motvind og pinsefest med bunad og blandakor. I mai høyrer vi fuglesong og måseskrik. Mai er månaden då bunadsskjortene skal hengast til bleiking i sola samtidig som bøndene finn det tørt nok til å våge seg ut på bøane med gyllevogna. Lyden frå motorsager og grasklipparar skal blande seg med den skadefro låtten til hageeigarar som nettopp har fått brunsniglar i ølbollen. No blir dei klipte i fire med kjøkkensaks av ei fredens bestemor som synest at døden i dette til...