Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne
Av Kjetil Tandstad To ungdomsskuleelevar vart drepne og mange skadde då ein skulebuss køyrde av vegen i Tynesstranda i 1966. Laurdag 3. september og stor stemning i skulebussen til Straumgjerde. Den sjette skuledagen i veka var over. Helga stod for døra. Dei fire grøne skulebussane frå Stranda og Sykkylven Billag vart fylte opp av skuleelevar frå 7., 8. og 9. klasse ved ungdomsskulen for å ta fatt den lange vegen mot Velledalen og rundt fjorden til Sørestranda og Hundeidvik. Blant dei rundt 30 elevane som var passasjerar var det som vanleg eit lykkeleg lurveleven. Storøygde sjuandeklassingar, med berre nokre vekers fartstid på den nye skulen, lytta imponerte til dei store gutane bak i bussen som kunne skryte av sin erfaringar og sine forventningar til laurdagskvelden. Svak vegkant Alt var som vanleg då bussane køyrde etter kvarandre langs riksvegen innover mot Tynesstranda. Ein møtande personbil køyrde til sides og stoppa. Tre bussar passerte utan vanskar. Men då den fj...