No må vi snakke om sjøsida

 

Rema-butikken er plassert og ein langvarig lokaliseringsdebatt er over. Men det er mykje meir vi treng å snakke om. Ingen må få lage hakkemat av resten av indrefileten.

Det som det hastar mest med, er innspel til utforminga av Rema-bygget. Tidlegare forslag stilte i utsikt eit «operatak». Bygget skulle tole påbygg på fleire etasjar, om kommunen ville.  No er tomta flytta sørover. Avtalar skal gjerast. Då må ein passe på at utbyggjar står ved sine lovnader om å gi bidrag til trivselen i området. No ventar vi oss meir enn eit standard hangarbygg frå ein utbyggjar som får lov å breie seg på ei av våre mest attraktive tomter. Tribunetrapp og tilgang for publikum til deler av butikktaket er framleis element som kan gi området eit skikkeleg løft.

Stopp-effekt

Det andre store spørsmålet er korleis resten av arealet på sjøsida skal utnyttast på best mogleg måte. Sykkylven opplever turistane i stor grad gjennom bilvindauget i fart. Her trengst noko som gir stopp-effekt. No spørst det kva vi vil vise fram: Vogntog og containerar og langtidsparkerte bilar på sprukken asfalt eller ein stad med aktivitetar for alle og menneske som kosar seg.

Nokre vil ha ein open plass. Nokre har lansert hotell og badeland. Andre tenkjer park og torg med Bondens marknad. Den beste stoppeffekten er ikkje prangande bygningar, men folkeliv og røre. For barnefamiliar er kanskje ein iskiosk og ein plaskedam  det som skal til for å ta ein pause og oppleve Sykkylven. Då må dei finne info-tavler som fortel kva kommunen elles kan by på. Folk har foreslått stupebrett og badebrygge, sommarkafé, arena for friluftskonsertar og turnoppvisningar, kanskje kunstisbane om vinteren. Og det må vere plass til tivoli og sirkus. Kaitrappa er populær og har blitt eit treffpunkt som bør vere med vidare.

Flyttbar

Det kan  fort bli trongt om plassen, om alle skal få det som dei vil. Enkle, flyttbare bygningar kan gi fleksibilitet. Nokre vinterisolerte, om det trengst. Andre kan vere enkle ly for vind, sol og regn, med vegger som kan opnast og lukkast, alt etter vindretninga. Bygningane bør vere flyttbare, slik at dei kan kombinerast etter behov. Og når sirkus og tivoli kjem og treng heile plassen, kan husa trillast unna og å gi plass.

 Elementa som skal få plass på sjøsida i åra som kjem, må naturlegvis utformast av arkitektar og andre fagfolk. Først må brukarane peike ut retninga. Idear må luftast. Forslag må spelast inn.

Vi treng ikkje gjere som alle andre. Det kan finnast løysingar som både er enkle og ser stilige ut. Køyr debatt!

Kjetil Tandstad

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne