Namn som skjemmer

 


I løpet av dei første tiåra på 2000-talet forsvann ei rekkje trauste namn og etterlet folket hovudristande. Institusjonar og bedrifter skulle plutseleg heite noko heilt anna og noko som avslørte minst mogleg om kva som skjulte seg bak det nye namnet og den kunstferdige nye logoen.

I Bergen har dei endeleg teke grep. For nokre år sidan skifta perlerada av kunsthallar langs Smålungeren namn til Kode. I år vart det bestemt at Kode 1 skulle blir PermanentenKode 2 vart Stenersen. Kode 3 vart Rasmus Meyer og Kode 4 vart Lysverket, etter huset som kunsten fekk overta frå kraftverket. Dei fire bygga på rekkje i sentrum får altså tilbake dei namna vi har brukt heile tida, skreiv ein letta kulturredaktør Jens Kihl i Bergens Tidende.  Kanskje er det starten på slutten for manien med å skifte ut innarbeidde og greie namn med uskjønlege konstruksjonar utan innhald. Trendar skifter. Det er von i hengande snøre.

Ny med Vy

 Vi har alle klaga og gjort oss lystige i mange år over namnepåfunn, som til dømes Vegvesenet som ville heite Mesta. NSB skulle bli ny med Vy.  Den tidlegare høgskulen i Oslo og Akershus, som vart universitet og tok namnet Oslo Met, kort for Metropolitan, kunne ikkje ha understreka norsk mindremannskjensle tydelegare: Det namnegjevarane eigentleg vil formidle, er jo at Oslo eigentleg er ein kjempestor by og at der finst folk som kan gjere seg forstått på engelsk. Kva slags undervisning dei pjaskar med, fortel derimot namnet ingen ting om.

Då sjukeheimen i Sykkylven for ein halv mannsalder sidan skulle pyntast med eit nytt namn i tråd med tidas byråkratmote, skulle det ikkje sparast på plussorda. Sykkylven bu- og aktivitetssenter vart namnet. Tanken var at her skulle dei eldre ikkje berre bu, dei skulle også vere i lykkeleg aktivitet dagen lang. Stillinga som aktivitør vart lagt ned etter kort tid, og sidan namnet var så langt, vart initialar løysinga. Slik fekk vi det totalt uforståelege namnet Buas og det har vi framleis.

 Det tradisjonsrike drogeriet i Sykkylven smykkar seg no med kjedenamnet Skin Tonic. Det må ikkje forvekslast Leathermaster, som sel remediar til vedlikehald av skinnmøblar. Kunstmuseet for Møre og Romsdal, som ligg i Ålesund, kasta seg også i si tid på trenden med å bruke kamuflasje-namn. Dei kalla seg Kube. Heilt utan innhald og eit veldig firkanta namn på eit frodig kunstmiljø, tenkte vi. Moderorganisasjonen, som i gamle dagar heitte Sunnmøre Museum, måtte også skifte identitet. Det gamle namnet fortalde både kva institusjonen dreiv med og kvar i verda dei heldt til. Men det var for sidrumpa, meinte konsulentane, som tok seg godt betalt for namnet Viti. Kort og fyndig og fullt av norrøne tradisjonar, argumenterte dei.

Heilgardering

Museumstyret let seg forføre av tanken på eit namn som dei kunne fylle med kva som helst. Musea driv jo med så mykje rart. I Leiv Hegstads Gamalnorsk ordbok frå 1930 står det om viti: Det kan tyde visar, jamfør Vèrviti. Det kan brukast om varsel, teikn, merke, landkjenning, eller vete, bål og oppstabla ved på ein fjelltopp til å fyre opp når ein ufredshær vert oppdaga. Det betyr også eld og ramn, og det er eit stadnamn. Det tyder også pengebot, mulkt, skade, ulukke: jamfør ordtaket «hafa annars viti sér at varnadi» (annan manns skade er lettast å lære av».) I tillegg er det eit ord for straff eller refs. Hadde ein så dårleg folkeskikk at ein kom for seint til ein fest eller til kyrkja, risikerte ein å måtte «drikke frå vitishorn» - det vil seie å tømme eit stort horn øl framfor dei andre, til spott og spe. Og så er det også ein del av helviti. Hel er norrønt for det underjordiske dødsriket. Viti er straff. Altså helvetesstraff.

Snakk om å heilgardere! Men namnet skjemmer ingen, heiter det. I alle fall så lenge ein ikkje skjemmer det sjølv, sa mannen, dei kalla han tjuv.

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne