Ikkje brøyta eller strødd

 


Folk flest er ikkje så verst, stort sett. Folk flest greier å ha eit rimeleg godt og ofte hjarteleg forhold til sitt nabolag. Og det er viktig, tenkjer vi, spesielt no framfor jul, medan stadig meir gruvekkjande meldingar frå slagmarkane når oss gjennom media. Eit juleønskje: Er det for mykje forlangt at verdiane og ideala til heilt alminnelege menneske også skal gjelde i  storpolitikken?

Ideen er naiv og latterleg. Og det er til å gråte over. Men i storpolitikken er det makta som rår. Vi tenkjer kanskje at  statsmenn som har ofra seg for politikken og med ein skokk av statssekretærar og rådgivar rundt seg skulle kunne tenkje som fornuftige folk: ein må prøve i det lengste med det gode og ein kan bøye av viss ein må. Men når det først skrur seg storpolitisk til, er skremming og bløff, trugsmål, rakettar og dronar blitt uunnverlege middel for å få sin syn igjennom.

 Då blir ei grensekrenking med mange døde, er ikkje eit brotsverk, men eit signal og ein måte å kommunisere med fienden på. Utpressing er berre eitt av mange verkemiddel i den politiske verktøykassa. Som når Tyrkia spenner krokfot på Sverige som vil bli Nato-medlem og slik tvingar landet til å gå på akkord med sin eigen asylpolitikk. I krig og konflikt er det lite plass for folkeskikk og ærleg spel. Her kan ein ikkje vere godtruande. Det er det heller ingen grunn til. Rundt fjerdeparten av alle nyhende frå frontane i Gaza og Ukraina reknar ein med er konstruerte forsøk på å lure opinionen.

 Krig er politikk, berre med ekstra sterke verkemiddel. Tenkjemåten smittar oss også lokalt. Kor mange sivile palestinarar er det rimeleg skal døy som straff for dei minst 1200 som Hamas myrda i terrorangrepet  7. oktober. Er ti-gangen eit passande tal? Nei, det er alt passert. Kanskje 20-gangen? Hemnast skal det:  Vi hugsar følgjande invitasjon til demonstrasjon framfor rådhuset i Ålesund tidlegare i år: «Med Israel for fred: Støtte-markering for Israels krig».

Politisk er det den mistenksame realismen rår. Blant dei få som prøver seg som idealist er Marianne Williamson, tidlegare Oprah Winfrey-rådgivar og populær forfattar av sjølvhjelpsbøker. Ho har lansert seg som presidentkandidat for demokratane i USA og har med stor energi kasta seg inn i nominasjonskampen. Kjærleik – love – skal vere det ho byggjer politikken sin på. Ikkje noko mindre.

Og kjærleik er ikkje berre eit plussord ho strør om seg for å fiske stemmer, forsikrar ho. Ho snakkar kvinnesak og internasjonal solidaritet. Ho går laus på dei store og upopulære spørsmåla. Kvifor har USA så mange fattige? Kvifor er amerikanarane så sjuke? Ho dreg sine konklusjonar og går kraftfullt til åtak på dei mektige kapitalinteressene og deira makt over landbrukspolitikken, medisin-gigantane, forsikringsselskapa og dei store matprodusentane.

Slik gjer ein det ikkje lett for seg i amerikansk politikk. Kommentatorar overgår kvarandre i å gjere narr av den naive og urealistiske kandidaten som dei kallar quirky, kooky, a joke (Sær, sprø og ein vits). Ho har lite oppslutning blant dei eldre og erfarne. Men ho er størst på Tiktok og ho har hatt 20 prosent oppslutning blant folk under 20, viser målingar. Om berre folk under 50  fekk stemme, hadde vi opplevd eit politisk skred for Williamson, slo det respekterte magasinet The Intercept fast.

For Biden er ho nok ikkje nokon trussel. Men kven veit? Når amerikanarane kunne velje ein så usannsynleg kandidat som Trump, kan dei kanskje også samle seg om ein sær og sprø idealist. Og sjølv om ho ikkje kjem til å vinne fram, kan ho kanskje overføre litt av sin ungdommeleg energi (ho er berre 71) og ruske litt opp i musesteg-politikken i det demokratiske partiet.
Men vegen fram mot ein politikk fundert på kjærleik er lang og humpete. Her trengst det mykje både av grunnarbeid og vedlikehald. Eit skilt ved ein norsk gangveg er dekkjande for situasjonen:

 KJÆRLIGHETSSTIEN

 Ferdsel på eget ansvar. Stien blir ikke brøytet eller strødd.

 Statsbygg

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne