Amundsen-apropos

Her er eit lite PS til Amundsen-filmen. I mangel av andre kjelder brukte både lokale aviser og osloaviser nemleg bestefar min, den synske Karl Tandstad i Sykkylven som kjelde for sine oppslag om Amundsen og hans lagnad: «Ut gjennom mellomkrigstida voks dei daglege brevbunkane og det kom stadig nye bod frå naboar med telefon. Ein viktig grunn var at avisene hadde teke til å intervjue dei når menneske var sakna. I 1925 vart Karl avisenes yndling då han rapporterte frå polflyginga til Roald Amundsen. Amundsen skulle flyge over Nordpolen, men kom ikkje tilbake som planlagt. Den synske kunne fortelje at han måtte naudlande i ei råk. Han kunne fortelje at han såg korleis isen kom brytande mot flybåten då dei landa og at mannskapet streva og arbeidde med å trakke snø og lage startplass. Han såg også at ein av polfarane fall i sjøen og berre med naud og neppe vart berga opp på isen igjen. Då Amundsen og hans menn kom seg heilskinna tilbake og kunne fortelje, viste det seg ...