Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2025

Tid for moralisering

  Moralistar har alltid vore det verste vi visste. Motviljen auka ekstra for nokre tiår sidan parallelt med skulderputer, børstraktorar og den store høgredreiinga i politikken, då vi trudde den kalde krigen var over for godt og marknaden og det frie initiativ skulle styre verda. No skulle vi hegne om privatlivets rett. Nyfikne nabokjerringane og nasevise politikarar skulle blanda seg minst mogleg i våre saker. Alle skulle få bestemme over seg og sitt. Slik byrja vi å dyrke oss sjølve og bry oss mindre med andre. Vi heldt oss med ein ansvarsfråskrivande ironi der alt vart like viktig eller uviktig og der det var god plass for våre veksande ego. «Det er vanskeleg å gå i seg sjølv. Det er mykje lettare å gå i andre» sa Rolf Wesenlund i rolla som feriebiskop Fjertnes den gong. Det lo vi godt av. No i våre dagar er det motsett: Mange av oss går mest i oss sjølve og alt for lite i andre. Respekten for individet kan også vere ei sovepute, når vi let andre menneske segle sin eigen sjø. Men...

Tradisjonalisten

  - Dei protestantiske kyrkjene har blitt demokratiserte. Ein har late folk flest   bestemme teologien. Ikkje Guds ord og kyrkja sin tradisjon. Det er ei veldig uheldig utvikling, seier Ottar Svein Mikael Myrseth. Ei lang teologisk utvikling   har ført han dit han er i dag – biskop og øvste leiar i Den Nordisk-Katolske kyrkja.   74-åringen, som plussa på   namnet sitt med Mikael då han vart prestevigd   i kyrkjesamfunnet i 2001, kunne   naturlegvis ha nytt sine pensjonist-år uforstyrra på hytta på Gjæveneset i Hundeidvik. Men slik vart det ikkje. Han har alltid   vore ein opprørar, seier han. Engasjementet hans let seg ikkje utan vidare pensjonere. Bedehuset   Han voks nærast opp på bedehuset i Hundeidvik, der far hans var ein av leiarane. Når det kom omreisande predikantar, budde dei gjerne heime med familien deira. Då gjekk drøsen mykje om åndelege ting. Den religiøse interessa har Ottar Myrseth fått med seg frå barnsbein av.  ...

Sykkylven Pensjonistlag 50 år

  På syttitalet byrja foreiningar av pensjonistar å gro fram i sunnmørsbygdene. Det vart snakka om vellykka pensjonistlag i andre kommunar. Gode møteplassar for eldre menneske mangla i lokalsamfunna. Enno hadde ikkje eldre menneske så lett for å kome ut og treffe andre menneske. Mange var einsame. Kommunen var vid og enno var grendene   dei naturlege einingane i kommunen. Mange hadde ikkje sertifikat og bil. Det hadde grodd fram eit behov blant dei som hadde avslutta arbeidslivet   for å treffe andre menneske for å snakke om det dei sjølve var opptekne av. I 1975 tok sosialstyret i Sykkylven eit initiativ. Også Sykkylven burde få seg eit forum for pensjonistane. Det førte til at nokre pensjonistar frå Sykkylven bad om eit møte med Stranda Pensjonistlag, som alt var i god drift. Då dei kom heim frå Stranda, hadde dei fått blod på tann. Trygda og tryggleiken   Den norske velferdsstaten hadde utvikla seg sterkt etter den andre verdskrigen.   Å sikre eldre m...

Flyktningane som fann freden på Fauske

  Alfred Guttmann hadde eit stort namn i Tyskland både som vitskapsmann, humanist og kunstnar. Men han var også jøde. Forfølginga etter at Hitler tok makta, sende han på flukt til sitt andre fedreland, Noreg. Men nazismen var hakk i hæl… Det er nok ikkje så mange som lenger hugsar det eldre ekteparet Eva og Alfred Guttmann som kom flyttande til Sykkylven like etter at krigen var slutt. Dei bygde seg eit lite hus på tomta Steinhagen på Ytre Fauske.   Det   var nok ein viss uro blant bygdefolket. Haldninga   til alt som var tysk var naturleg nok fiendtleg så kort tid etter krigen.   Men etter kvart som bakgrunnen til paret vart kjend, minka skepsisen. Det gjekk opp for folk at sjølv om dei var tyske, var dei sjølve offer for nazismen. Nokre fekk også direkte nytte av kunnskapen og erfaringane   til dr. Alfred Guttmann, då han praktiserte som «nerve-lege» - altså psykiatar – i Sykkylven nokre år etter krigen. Eva og   Alfred Guttmann fekk som nokre av...

Liv i leiren på «Emmedal»

  Korleis var miljøet på møbelfabrikkane på tampen av mellomkrigstida . Korleis prata og tøysa dei med kvarandre? Dei skriftlege kjeldene gir lite svar. Er det fabrikkfoto, er det som regel teke utandørs med arbeidarane alvorleg oppstilte på ei trapp eller mot ein murvegg. Bilde av travle arbeidarar i full sving på fabrikkgolvet finst nesten ikkje. Men i arkivet til Møbelmuseet finst det ein prolog som truleg er framført på ein bedriftsfest ved Emdal-fabrikken i Straumgjerde i 1939. Den gir eit humørfylt bilde av arbeidsvilkåra og den spøkefulle tonen som også kunne prege dei lange og einsformige arbeidsdagane på fabrikken. Kven som førte prologen i pennen og eventuelt framførte den, veit vi ikkje. Prolog Vi kallar diktet for prolog her i årboka. Ein prolog er eigentleg eit dikt som blir framført som innleiing til ei fest forestilling , eit stemne eller liknande . I vestnorsk tradisjon er ein prolog oftast eit spøkefullt festdikt   om eller til ære for publikum. Svu...