Ein sommar er over

 


 

En sommer er over,
men minnene om den består.
En sommer er over,
men vi skal sees igjen til neste år.

 

Slik har Kirsti Sparboe sunge for oss i august og september sidan tidleg på 70-talet. Og heile nasjonen  har sunge med. Vi saknar sommaren – også den kalde nordavind-sommaren vi har hatt i år.

 

No er hausten over oss. Skogen er i ferd med å pynte seg i fantastiske sjatteringar av gult, raudt og oransje, men vi veit at det ikkje er lenge før han kastar kleda og står mørk og naken igjen. I hagen raudnar eple og rips og signaliserer at dei vil etast. Under visnande lauv finst det poteter og gulrøter som vil ut og opp og fram på middagsbordet.

 

Hausten er gåvmild både på grøde og venleik. Men den varslar også at vinteren er på veg. Gradvis blir  lyset rundt oss dempa og snart kjem frostnettene. No spelar radioen Tove Janssons vemodige Høstvisa: «Skynda dej älskade, skynda att älska, dagarna mörknar minut för minut».Det kjem rim på markane, sørpe på vegar og vi blir minte om nye problemstillingar: Er vedstabelen stor nok? Duger vinterdekka ein sesong til?

 

«Heile året gleder vi oss til sommaren, men mi erfaring er at dei fleste også er letta når ferien er over og kvardagen tek til igjen», skriv ein innsendar i den etter kvart ganske kristenkulturelle avisa Klassekampen. Ein av avisa sine faste spaltistar er prest og forfattar Ingrid Ribe-Nyhus. Ho svarar innsendaren klokt og forståingsfullt.

Korleis kan nokon bli letta, når sommaren og ferien tek slutt? Her snakkar vi ikkje om dei som har hatt det spesielt vondt og utriveleg i sommarmånadane, men om folk flest. Å glede seg til sommaren heile året, berre for så å glede seg til at den skal vere over, er ganske paradoksalt. Men også forståeleg, når vi tenkjer etter.

Å gle seg til noko, er også ei glede. Vi har kosa oss med å legge store planar om alt vi skal oppleve. Og så er sommaren der. Vêret, opplevingane og samværet blir kanskje ikkje fullt så fantastisk som ein tenkte det skulle bli. Kanskje kjenner ein seg aldri så lite snytt.

 Di større forventningane er, di vanskelegare er det å få  alle til å gå i oppfylling. Dei same store vonene har vi ikkje til for eksempel november. Det er ein månad for lommelykt og refleksvest, klamme støvlar og butikkar fulle av alt for tidleg julemusikk og falsk snø. Om slike forventningar ikkje skulle slå til, så kjenner vi oss  ikkje snytt på same måten.

 Det er gammal visdom at «Sorgen og gleden de vandrer til hobe», som salmediktaren Thomas Kingo skreiv det i 1861. Presten i Klassekampen siterer den svenske poeten Kristina Ljung: «Det är ett sorgarbete att leva/Om man inte forstår det/ blir man aldrig glad».  Sorga og gleda er avhengige av kvarandre. Utan den djupfølte sorga som kontrast, blir også kjensla av glede svak.

 Ein må ta det sure med det søte. Har ein vore lenge vekke frå kjærasten eller barnebarna, er lukka ekstra stor når ein møtest. Sommarens første sprøsteikte makrell smakar himmelsk. Men det er ikkje lenger ein delikatesse viss du får det servert mange dagar på rad. Vi kan nok heller ikkje nekte for at det av og til er noko i det gamle ordtaket om at fisken og (sommar)gjesten tek til å lukte etter tre dagar.

 «Litt vondt skal menneskene ha, ellers holder de opp å være mennesker. Så setter de seg bare og kjeder seg og vet ikke hva glede er», skreiv forfattaren Gabriel Scott.

I dagens samfunn er det ikkje mangel på påminning om alt vi vi kan sørge over. Media er proppfulle av krig og overgrep, dødsannonsar, klimatruslar og nye diagnosar. Dei sørgjelege meldingane er stort sett heilt på sin plass. Det er både motbakkar og unnabakkar. Slik er livet. Det må vi leve med.

 Slik sorga er kontrasten som kan gjere gleda større, er svartsinnet ein kontrast som legg grunnlag for fleip og galgenhumor: «Jeg tar alltid gledene på forskudd, ellers blir det aldri noe av dem», skreiv Aksel Sandemose. Den lune danske humoristen Storm P. valde motsett strategi: Man skal aldri glede seg før dagen etter».

KJETIL TANDSTAD

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hekta på slekta

Ein time attpå

17. mai 2025