Myten om sunnmøringen
«Leika døkke døkke med døkkene døkka då? Tok dokke den? Det betyr «Leker dere med dukkene deres?». Dette var ei prøve på klassisk sunnmørsdialekt. Her kjem ei til: To damer går på bussen og den første seier til sjåføren: Eg skal ha ein billett. Ho hi ho he». Eller på danna austnorsk: Hun andre har… (underforstått, billett.) Er de med?
Nok
om det. Eg er bedt om å fortelje litt om Sunnmøre og sunnmøringen.
Eg
bør vere ekspert. Eg er ein del av urbefolkninga og har levd blant
sunnmøringar i nesten heile mitt liv: 27 år i Sunnmørsposten og
ti år ved Sunnmøre Museum. Og så har det blitt åtte år som
pensjonist. På Sunnmøre.
Eg
skal altså snakke om den mytiske sunnmøringen. Han som har ord på seg for å
vere den fromme råtassen. Han som dei kunne spikre på naustveggen - og jammen
vaks han og blei feit. Han er den fryktlause fiskaren og den dristige
ishavspioneren. Ofte har det blitt lagt vekt på forfedrar vi er stolte av:
Ragnvald Møre-jarl, Gange-Rolv og Ivar Aasen.
Sunnmøringen er så og seie odla fram
av dramatisk natur og harde livsvilkår. Ein måtte ro langt til havs for å få dei
største fangstane. Men ein måtte også kome seg i land før stormen kom. Vart ein
for sein og det kunne lett skje, gjekk ein glipp av sjansen til å føre slekta
vidare. Her snakkar vi om naturleg utval.
Sett ein passar på kartet og slå
ringar rundt dei tre store byane Oslo, Bergen og Trondheim. De vil då sjå at
det finst eit terra incognita som ikkje fell innanfor nokon av sirklane.
Ingen stad i Sør-Noreg er det så langt til ein større by som her på Sunnmøre.
Den lange avstanden til makta har gjort noko
med oss reint historisk. Vi har blitt litt uregjerlege. Folket var spreidd tynt
utover eit stort og sundskore landskap. Vi har budd langt frå konge, regjering
og alle andre institusjonar som vil kontrollere oss. Det var ikkje enkelt for
amtmann og fut å passe på alle.
Avstanden til øvrigheita og storkapital
i storbyane har utvikla ein veldig trong hos oss til å kunne bygge og handle og
tene pengar utan at andre skal bry seg. Sunnmøringen har gjennom hundreåra
utvikla ein djup skepsis til statens handlangarar. Vi har utvikla eit vake auge
for smetthol og gråsoner. Og vi har utvikla ei sjølvoppfatning som vi gjerne
vil at også andre skal tru på.
Velkommen til det mytiske Sunnmøre:
Dette er landskapet der orkanbygene enderøyser
heile steingardar og der takhellene fyk som måseflokkar ut gjennom fjorden, for
å seie det med Arthur Klæbo.
Vi sunnmøringar elskar å høyre
historier om vår heroisk kamp i harde kår opp gjennom historia. Om han som rulla stein når han kvilte. Og han som
innbitt bardunerte båt og naust med alt han hadde av tauverk når orkanen bles
opp. Han hytta trassig med neven og utfordra vêrgudane: «He’ du vind, so he’
ej tog.
Over heile landet er sunnmøringen kjend og
berykta som den store oppdragaren - i stirrig kamp for fråhaldssak, venstresak,
indremisjon og nynorsk. Han såg sitt snitt til å infiltrerte først skuleverket,
seinare NRK. I følgje forfattaren Agnar Mykle skjedde det gjennom eit osmotisk
kupp.
Naud lærte som kjent naken kvinne å
spinne og svolten mann å byggje båtar og lenestolar. Sunnmøringen er kjend både for sin
pietisme og si klokkartru på materielle verdiar. Gardsbruk og fiske vart
supplert med handverk og handel. Ein måtte alltid vere om seg.
Ressursane var knappe og det var mange om beinet. Både klippfisk-seljarane i
Ålesund og møbelgründerane inne i fjordane måtte satse både hus og heim og
gardsbruket til svigerfamilien for å få ein fot innanfor i ein lukrativ
bransje.
Mangesyssel-tradisjonen frå fiskefeltet, småbruket
og kjellarbedriftene vart med inn i moderne tid. I dag er sunnmøringen ofte heilt
i spiss når det gjeld teknologi, til dømes innan skipsfart, fiske-eksport og
avløpsfrie toalett. Vi heng også med på popscena med stjerneskotet Sigrid og suksessbloggarer
som Helsesista og Funkygine. Alle våre kjendisar forsikrar i hyppige intervju at
dei er veldig stolte av å vere sunnmøringar. Særleg dei som har flytta vekk, synest
at Ålesund er verdas vakraste by.
Dagens sunnmøringar er med å hauste
fruktene av den stolte tradisjonen vår. Dei bur spreitt. Dei har eit par bilar
i garasjen, campingvogn og stor plen med
robotklippar. Dei har alt på stell. Men
dei er ofte ikkje heilt fornøgde likevel. Ein ekte sunnmøring kjenner seg som litt
tapar viss han ikkje har sin eigen business. Og han tolererer ikkje styggeprat.
Ungane får streng beskjed om å gå og vaske munnen sin viss dei seier stygge
ord, som for eksempel formueskatt.
Kva er det med Møre og Romsdal? Er
det nokon som elskar fylket vårt? Nei, i
grunnen ikkje. Det må i tilfelle berre vere dei tilsette på Fylkeshuset i
Molde.
Møre og Romsdal er etter gammalt oppdelt
i tre futedømme eller fogderi: Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Romsdalingane fekk
jarnbane til Oslo og soknar derfor naturleg austover. Kristiansundarar har vi alltid
rekna som reservetrønderar. Sunnmøringane har sett mest mot sør. Til klippfisk-kundar
i Portugal og Brasil. Og til sitt store forbilde, Bergen.
Det finst sunnmøringar som er
lommekjende i New York og Valparaiso, men som skryter av at dei aldri har vore
i Kristiansund. Då Raumabanen vart bygd, stoppa prosjektet på Åndalsnes fordi dei
tre byane aldri vart einige om kven som skulle få jarnbane først.
Men om sunnmørspatriotismen er sterk,
blir den alltid trumfa av lokal-patriotisme. Her i byen er det folk som framleis
meiner du ikkje er ækte ålesunner viss du ikkje både er unnfanga og
født innafor de gamle bygrænsene.
Bygdefolket er minst like brennande patriotiske
på vegner av kommunen eller grenda der
dei bur. Berre prøv å kalle innbyggjarane i dei nye bydelane Skodje og Ørskog
for ålesundarar og høyr kva som skjer!
Det er ei bitter erfaring landet
rundt at byens makt og allehande tilbod har ein tendens til å ta fullstendig luven
av kommunane rundt. Det har skjedd i mindre grad rundt Ålesund. Byen har –
trass sine imperialistiske ambisjonar - vore for litt for svak og bygdene litt for
sterke. Derfor er Ålesund framleis
omgitt av stolte lokalsamfunn, som kan konkurrere med byen når dei må.
Og kvifor ikkje? Dei har stort sett det dei
treng; Her er god plass og utsikt til både fjord og fjell. Her er livskraftige bedrifter
som førstegenerasjonen bygde opp nede i
fjøra på odelsgarden og som sidan har vakse i alle retningar. Gjennom dei
støvete vindauga i produksjonshallane kan ein nyte det mest idylliske fjord-panorama,
komplett med villsau og importert lama. Her bur det folk som set pris på å
gjere det på sin måte.
Og bygdene er stort sett sjølvforsynte med veldrivne
bedrifter og fiskebåtar, idrettsstjerner
og eigne musikkfestivalar. Her er det turistperler, kriminalitet, kor og fotballag
på alle nivå. I politikken heiar sunnmøringen på Sylvi Listhaug. Elles jublar
vi for lokale heltar som Karsten Warholm, Ørjan Håskjold Nyland og Sondre Brunstad Fet.
Vi likar å snakke om oss sjølve, her på Sunnmøre. Vi presenterer oss som
dristige gründerar og kreative seljarar, men også som internasjonale
heimefødingar, brytjete pietistar og så gnitne og sparsame at vi utan vidare
kan passere som Norges skottar. Sunnmøringen har tradisjon for overdrivingar og
romsleg tale. Det gjeld også i omtalen av oss sjølve. Og så krydrar vi med pitte litt sjølvironi - for
ikkje å bli for skrytete.
Når sant skal seiast, inneheld myten om
sunnmøringen eit heilt sett av motstridande eigenskapar. Det er ikkje
tilfeldig. Då kan vi framheve dei eigenskapane som passar tida og situasjonen
best. I reklamemiljøet vil ein nok sjå det
som vellykka merkevarebygging.
Sunnmørsmyten lever og er noko dagens sunnmøringar ber med
oss gjennom livet. På godt og vondt styrer myten våre liv og fortel oss kvar vi
høyrer til.
Den moderne sunnmøringen nok har blitt stadig
meir som folk flest her i landet. En kan spørje: Finst det eigentleg eit minste
felles multiplum lenger? Kanskje. Svele er noko av det beste vi veit. Og det står
alltid potetball på ønskjelista når sunnmøringar slår seg laus og går på kafé
på ein vekedag. I alle fall viss det er torsdag.
Takk for meg!
(Foredrag landsmøte i Seniorpresseklubben,
Fjellstua 28.08.26)
Kommentarer
Legg inn en kommentar