Arven frå nynorskland
Kvifor gjer nynorskelevane det betre i nasjonale prøver enn
bokmålselevane?
Dette var eitt av spørsmåla forskarane sat att med etter ei stor
tverrfagleg undersøking frå 2015. Elevar frå Sogn og Fjordane hadde
prestert heilt i toppen i nasjonale prøver sidan starten på desse
kunnskapsmålingane i skulen. Her var nynorskelevar i stort fleirtal. Og
dei gjorde det betre enn andre, sjølv om dei kom frå eit fylke med eit
utdanningsnivå som var lågare enn gjennomsnittet.
Vidare forsking, som samanlikna elevar frå ulike delar av landet, viser at
nynorskelevane gjer det noko betre enn bokmålselevane under elles like
vilkår. Det gjeld ikkje berre språkfag, men også i matematikk. Professor
Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø kallar fenomenet
Nynorskeffekten.
Jakt på forklaring
Men forskarane finn ikkje belegg for at dei gode resultata hos
nynorskelevar har noko med nynorskbruken å gjere. Det må vere andre
ting som gjer at dei greier seg godt på skulen. Jakta på ei forklaring held
fram, skriv professor Vangsnes og oppmodar til vidare forsking.
Medan vi ventar på forskarane, kan vi hjelpe til med nokre forslag. Kva
har nynorskelevar til felles, anna enn nynorsken? Ganske mykje, når ein
tenkjer etter.
Dei bur gjerne i utkantstrok. Dei går ofte på mindre skular i mindre
lokalsamfunn. Dei har kanskje tettare forhold til besteforeldra, sidan
foreldra ikkje har flytta vekk frå bygda der dei og deira foreldra voks opp.
Dei er kanskje meir påverka av tradisjon og nedervde verdiar enn born i
meir urbaniserte bokmålsområde. Det kan vere nyttig ballast å ha med
seg inn i skulen og resten av livet.
- Eg har kjekke elevar. Men det er dessverre langt mellom dei som er
oppvaksne på gard, sukka ein lærar som underviser i tekniske fag. Han
fortvilte over mangelen på teknisk innsikt som mange av elevane hans
hadde med seg. Hans bestemte inntrykk var at dei som var oppvaksne
på gard, hadde større evne til problemløysing. Dei hadde med seg ei
erfaring som også ville vere nyttig i vidare utdanning og jobb seinare i
livet. Og hendige folk som har fått sjansen til å mekke og skru og har
vore med på å kople ei mjølkemaskin til kuspenar frå dei var små, finn
ein oftare i nynorskland.
Mangesyslarar
Forfedrane våre var gardbrukarar og fiskarar. Hardt arbeid var naudsynt,
men det var ikkje nok. Det var heller ikkje nok å vere spesialist. Våre
forfedrar og -mødrer måtte skaffe seg allsidig kunnskap: Kjennskap til
gardsbruk, fiske og fangst. Matlaging, strikking og sying. Ein måtte
kanskje greie å byggje sitt eige hus. Sidan kjøpekrafta var lita og pengar
knapt fanst, måtte ein heile tida sjå seg om etter smarte måtar å utnytte
knappe ressursar. Ein vart ein mangesyslar. Då måtte ein følgje med og
samle erfaring frå eit breitt felt. Og ein måtte bruke fantasien og vere om
seg. Det er vel omtrent det ein kallar å vere kreativ i dag.
Beste- og oldeforeldre var berarar av ein gammal kultur, utmynta
gjennom hundreår. Nokre sider av denne kulturen hadde autoritære,
udemokratiske og undertrykkande trekk. Desse mørke sidene har vi til ei
viss grad greidd å riste av oss i moderne tid.
Dei mange gode og nyttige sidene, er derimot verdiar å ta vare på. Som
sjølvdisiplin og arbeidsglede, sans for praktisk problemløysing og ansvar
for familie og lokalsamfunn. Dette er verdiar vi gjerne snakkar pent om.
Men det er verdiar under press. Frå individualismen, frå tidstjuvane på
nettet, frå det kommersielle trykket som vi heile tida blir utsette for.
Den gode arven
Kreftene som vil ha oss til å gløyme den gode arven, er mange og
sterke. Dei rammar oss alle, same kvar vi bur i landet. Men det er godt
tenkjeleg at dei som bur i nynorskland framleis har sterkare band til og
respekt for tradisjonen og at det også hjelper dei i skulen.
Vi veit det jo, når vi kjenner etter. Det er mykje å hente frå kontakt
mellom generasjonane. Her finst det impulsar som er mykje nyttigare
enn den ein får frå tidtrøyta på Tik Tok og dataspel på pc-en. Odd
Nordstoga, også frå nynorskland, syng om det:
«Og ein farfar i kjeledress skull’ alle ha
Som luktar av olje og sjø
Og med lommene fulle av gammalt skrot
ja, det er mykje få bruk for i goffas rot
Ja, ein farfar i livet skull’ alle ha».
KJETIL TANDSTAD (Nyss 24/10 2026)
Kommentarer
Legg inn en kommentar