Innlegg

Forteljarane har blitt vekk

  Forteljartradisjonen ligg på sotteseng. Dei som skal underhalde oss har begynt å forklare i staden for å fortelje. Det har alltid vore ein journalistisk grunnlærdom: Skal du bruke ironi i ein artikkel,   må du vere forsiktig. Ironi er når du seier at det er no eit strålande finvêr ute, når det eigentleg stormar og blæs. Den overraskande kontrasten mellom det som er faktisk er sant og det som blir sagt kan vere eit humoristisk poeng viss forteljar og tilhøyrar er på bølgelengde. Er dei ikkje det, må naturlegvis mottakaren oppfatte meldinga som totalt ko-ko. Ironi og sarkasme er   nokre av sjangerane   ein historieforteljar kan bruke. For å skape liv og spenning, kan han gjennom tonefall, ordspel, dramatisering og himmelropande overdrivingar formidle ei totalt usannsynleg og løgnaktig framstilling av verkelegheita. Fantasien blir sett i sving. Tilhøyrarane ser dei bisarre scenene for sitt indre auge og let seg fange av historia, same kor utruleg ho er. Ein dy...

I gåsegang

  Løypa er hardfrosen og bratt. Når vi endeleg let det stå til ned den lange bakken, ser vi tre muntre jenter nedst i sporet, opptekne med å ta selfie saman med ein virren veskehund. Det kjennest som å oppleve flystyrt i sakte film. Det var på håret. Både jentene og bikkja kjem seg vekk akkurat i tide før vi vaklar forbi i stor fart med viftande   stavar og skjelv i beina.   Sorry, ropar jentene forskrekka etter oss. Nei, sorry? tenkjer vi som nettopp var på beinbrotets rand og no har fått hjartepumpa under kontroll igjen. Tenk, slike høflege ungdommar! Litt drama i bakken høyrer no berre til! For kan ein ha det betre? Både naturen og motbakkane er eigna til å ta pusten frå ein. Vi speidar over til solsida, der skitrekket durar og det blenkjer i dei tusen glasruter i hyttebyen. Vi minnest hyttetur i vår grøne ungdom, då vatn skulle berast og doar tømmast før ein kunne kvile ut på ein hard pinnestol, drikke lunka kokekaffi og bruke kvelden til å sjå filosofisk inn i...

Er det lenge sidan dokker las ei bok?

  Eg hadde akkurat gitt ut bok og kom stolt og opprømt inn i bokhandelen på Stranda for å overlevere nokre eksemplar. Den gamle bokhandlaren titta på meg over brillene med gamle og trøytte auge: «Det er mange som vil skrive. Det er ikkje så mange som vil lese», sukka han.   Her kjem den gamle gode gamle klaga frå bokfolket og spesielt frå dei som skriv: Folk les ikkje bøker lenger. For lesaren er ei god bok den billigaste hobbyen. For forfattaren den dyraste , skreiv forfattaren Gabriel Lamb, ein gong tilbake i litteraturens gullalder. Det var sant før. Men no har det blitt verre. Ganske mykje verre.   No skrollar vi på nettet. Boklesing er for nerdar og gamlisar. Den mest spennande roman kan ikkje lenger konkurrere med Instagram og Netflix. Og folk er praktiske:   Kvifor lese ei fagbok når vi kan vite det vi treng i tre minutts video på Youtube?   I   gamle dagar titta vi diskret på bokhyllene når vi kom heim   til folk. Det gav ein slags p...

Unge gubbar

  Tweed-dress med vest, kordfløyelsbukser, mokasiner og strikkejakker i bestefar-stil har blitt moteplagg blant trendy unggutar. Til og med den gamle røykejakka er på full fart tilbake. Ull, sixpence og eit velstelt heilskjegg er «hot» blant unge menn, gjerne med ei vintage oilskin - jakke i britisk godseigar-stil. Nokre vel seg dress med vest og frakk. Vår ungdoms uformelege dyffelcoat , komplett med hornknappar, er no godkjent som moterett ytterplagg over dressen.   Om vinteren skal ein ikkje ha strikkegenser, men cardigans med knappar eller glidelås . Sommars dag er det vere tid for sweater, som skal knytast laust over skuldrane. Under må ha trøye med det rette dyre merket og på beina skal det vere behagelege loafers. Stilen skal vere avslappa. Det skal   sjå ut som ein kjem rett frå golfbana. Bowlerhatt   Nobelkomité-medlem Asle Toje er både ultra-konservativ og pen i tøyet. Han fortel at han kjøper stoff vevd av ull frå Gudbrandsdalen som han sender t...

Tid for moralisering

  Moralistar har alltid vore det verste vi visste. Motviljen auka ekstra for nokre tiår sidan parallelt med skulderputer, børstraktorar og den store høgredreiinga i politikken, då vi trudde den kalde krigen var over for godt og marknaden og det frie initiativ skulle styre verda. No skulle vi hegne om privatlivets rett. Nyfikne nabokjerringane og nasevise politikarar skulle blanda seg minst mogleg i våre saker. Alle skulle få bestemme over seg og sitt. Slik byrja vi å dyrke oss sjølve og bry oss mindre med andre. Vi heldt oss med ein ansvarsfråskrivande ironi der alt vart like viktig eller uviktig og der det var god plass for våre veksande ego. «Det er vanskeleg å gå i seg sjølv. Det er mykje lettare å gå i andre» sa Rolf Wesenlund i rolla som feriebiskop Fjertnes den gong. Det lo vi godt av. No i våre dagar er det motsett: Mange av oss går mest i oss sjølve og alt for lite i andre. Respekten for individet kan også vere ei sovepute, når vi let andre menneske segle sin eigen sjø. Men...

Tradisjonalisten

  - Dei protestantiske kyrkjene har blitt demokratiserte. Ein har late folk flest   bestemme teologien. Ikkje Guds ord og kyrkja sin tradisjon. Det er ei veldig uheldig utvikling, seier Ottar Svein Mikael Myrseth. Ei lang teologisk utvikling   har ført han dit han er i dag – biskop og øvste leiar i Den Nordisk-Katolske kyrkja.   74-åringen, som plussa på   namnet sitt med Mikael då han vart prestevigd   i kyrkjesamfunnet i 2001, kunne   naturlegvis ha nytt sine pensjonist-år uforstyrra på hytta på Gjæveneset i Hundeidvik. Men slik vart det ikkje. Han har alltid   vore ein opprørar, seier han. Engasjementet hans let seg ikkje utan vidare pensjonere. Bedehuset   Han voks nærast opp på bedehuset i Hundeidvik, der far hans var ein av leiarane. Når det kom omreisande predikantar, budde dei gjerne heime med familien deira. Då gjekk drøsen mykje om åndelege ting. Den religiøse interessa har Ottar Myrseth fått med seg frå barnsbein av.  ...

Sykkylven Pensjonistlag 50 år

  På syttitalet byrja foreiningar av pensjonistar å gro fram i sunnmørsbygdene. Det vart snakka om vellykka pensjonistlag i andre kommunar. Gode møteplassar for eldre menneske mangla i lokalsamfunna. Enno hadde ikkje eldre menneske så lett for å kome ut og treffe andre menneske. Mange var einsame. Kommunen var vid og enno var grendene   dei naturlege einingane i kommunen. Mange hadde ikkje sertifikat og bil. Det hadde grodd fram eit behov blant dei som hadde avslutta arbeidslivet   for å treffe andre menneske for å snakke om det dei sjølve var opptekne av. I 1975 tok sosialstyret i Sykkylven eit initiativ. Også Sykkylven burde få seg eit forum for pensjonistane. Det førte til at nokre pensjonistar frå Sykkylven bad om eit møte med Stranda Pensjonistlag, som alt var i god drift. Då dei kom heim frå Stranda, hadde dei fått blod på tann. Trygda og tryggleiken   Den norske velferdsstaten hadde utvikla seg sterkt etter den andre verdskrigen.   Å sikre eldre m...