Innlegg

Sykkylven

(Start liggande på liggestolen på toppen av Klokkerhaugen) Sykkylven er stolt av sine fjordar og fjell og si lange historie.   Men for ein utanforståande er det først og fremst dette som er sjølve sinnbildet på ein sykkylving: Han ligg attoverlent i ein lokalt produsert kvilestol med fotsolane mot publikum. Han   sit så godt og utstrålar eit velvære så ufatteleg djupt at han nesten ikkje greier å halde seg vaken. (stå opp) Vi står på Klokkehaugen, eller Berlihaugen, som vi ofte seier. Nokre seier Klokkarhaugen .   Men ingen har høyrt om nokon klokkar som har budd her. Klokkehaugen heiter det truleg fordi her stod ei kyrkjeklokke her ein gong. Det var ein praktisk stad å ha klokketårnet. Lyden bar ikkje godt berre utover og innover i fjorden, men opp gjennom Grebstaddalen, forbi Aurdal og Andestad. Som de ser: utsikta over bygda er storslått. Nokre har meint at namnet på kommunen – ofte feilskrive som Sykkelveien – er avleia av den gammalnorske forma s...

Bronsealder-feminisme

Bronsealder-feminisme Vi kan gjere som så mange andre og lokke cruiseturistar til Sykkylven med vikingar. Og/eller: Vi kan ære «fole flenke damer» femten hundre år før og gi turistane landets første førhistoriske feministfestival. Driftige sykkylvingar har husert på Aurefløten minst sidan dei første fastbuande rota vekk øksa si på Kildehaugtomta i steinalderen (10.000 – 1800 år før vår tidsrekning). I bronsealderen (1800 – 500 før vår tidsrekning) kom dei første husa. Dei fire husa ein har identifisert nord for Sykkylvsbladet, er frå 700 – 600 år fvt. Vi reknar med at har vore drive landbruk med husdyr og korndyrking på Aure i 3000, kanskje 4000 år. Vikingtida byrja først 700 år etter vår tidsrekning.   Det er altså kortare tid mellom oss og vikingane enn mellom vikingane og dei som bygde og budde på Aure i yngre bronsealder. Den store gildehallen vi har funne tuftene av ovanfor kyrkja, er strengt tatt ikkje frå vikingtida den heller. Storhallen vart bygd i folkevandringstid...

Amundsen-apropos

Bilde
 Her er eit lite PS til Amundsen-filmen. I mangel av andre kjelder brukte både lokale aviser og osloaviser nemleg bestefar min, den synske Karl Tandstad i Sykkylven som kjelde for sine oppslag om Amundsen og hans lagnad: «Ut gjennom mellomkrigstida voks dei daglege brevbunkane og det kom stadig nye bod frå naboar med telefon. Ein viktig grunn var at avisene hadde teke til å intervjue dei  når menneske var sakna. I 1925 vart Karl avisenes yndling då han rapporterte frå polflyginga til Roald Amundsen. Amundsen skulle flyge over Nordpolen, men kom ikkje tilbake som planlagt. Den synske kunne fortelje at han måtte naudlande i ei råk. Han kunne fortelje at han såg korleis isen kom brytande mot flybåten då dei landa og at mannskapet streva og arbeidde med å trakke snø og lage startplass. Han såg også at ein av polfarane fall i sjøen og berre med naud og neppe vart berga opp på isen igjen. Då Amundsen og hans menn kom seg heilskinna tilbake og kunne fortelje, viste det seg ...

Minneord Bjarne Myrstad

Journalist, forfattar og informasjonssjef Bjarne Myrstad er d ø d, vel 70 å r gammal. Det siste å ret tok sjukdommen stadig meir av kreftene hans. Han sovna inn i heimen sin i Oslo natt til m å ndag 7. januar med familien rundt seg.   Bjarne Myrstad vart f ø dd i Selje i 1948. Han gjekk l æ rarskulen i Volda og tok eksamen i 1971. Det var i redaksjonen av skuleavisa Peikestokken vi f ø rst m ø ttest. Peikestokken var den gongen ei felles skuleavis for alle skulane i bygda. Avisa hadde ikkje tradisjon for å provosere. No skulle vi nytente 68-arar gjere reint bord: Harde å tak p å USA sin krig i Vietnam, stoff om studentoppr ø ret i Paris og stadige oppgjer med autoritetane sjokkerte l æ rarar og bygdefolk . Bjarne Myrstad   var med p å provokasjonane, men det han gjorde, hadde ogs å eit praktisk siktem å l. Han rakk å starte m å llag ved Firda gymnas f ø r han flytta til Oslo. Han byrja ved Kristeleg Gymnasium og skipa m å llag ogs å der under mottoet « gjer n...

Orrfugljakt og presteplage

Segner er forteljingar som har levd i munnleg tradisjon. Ei viktig kjelde til desse historiene er samlingane til ørskogbygdaren Peder Fylling. Historiene han skreiv ned gir eit bilde av korleis folk tenkte og trudde for nokre hundre år sidan. Og ikkje minst – vi får vite litt om kva slags historier dei let seg underhalde av. I denne artikkelen skal vi innom nokre av historiene til Peder Fylling som er knytte til Sykkylven. Mange av segnene er i dag lite kjende, medan andre er attgjevne i bygdebøkene for Sykkylven og høyrer sykkylvshistoria til. Utdraga i denne artikkelen er meint som smakebitar og appetittvekkjarar for å skape interesse for ei oppgåve som det historiske miljøet på Sunnmøre bør ta på seg: Å gi ut Peder Fyllings bøker igjen, omsett til moderne norsk og tilpassa eit   breitt publikum. Peder Fylling (1818 – 1890) var fødd på garden Fylling i Skodje, her han budde heile livet. Han var eldste son, men ofra odelsretten sin for å dyrke sine interesser, som var...

Kraftverket i Sykkylven 100 år

« D ø kke e ’ no vel ikkje s å steintulne, kare, at d ø kke trur d ø kke kanj f å Riksheimf ø ssen inj gj ø n å en streng, sa ein gammal gubbe d å vi heldt p å å reise kraftstolpar gjennom grenda hans.   Slik mintest kraftverkveteranen Gustav Lefdal i eit intervju om pioner å ra for Sykkylven kommunale kraftverk. Replikken finst i heftet som vart gitt ut til femti å rsjubileet til Sykkylven kommunale kraftverk i 1968. Gustav Lefdal var med fr å starten og arbeidde i kraftverket gjennom 44 å r. Han hadde ogs å dramatiske minne: Ein gong fekk han h ø gspent i seg medan han arbeidde i ein stolpe p å Grebstad. Han besvimte og vart hengande over jordleidningen oppe i stolpen. « Han Kaghol-Johan vart var meg og skj ø na at noko var gale. Han gjekk til Aure og ringde til verket at dei m å tte sl å av krafta. Det var ikkje bil og telefon å trive til i kvart hus den gongen. Eg hang der til han kom att. D å han ropte p å meg, kom eg til meg sj ø lv. Eg greidde å f å ...