Innlegg

Viser innlegg fra 2025

Tid for moralisering

  Moralistar har alltid vore det verste vi visste. Motviljen auka ekstra for nokre tiår sidan parallelt med skulderputer, børstraktorar og den store høgredreiinga i politikken, då vi trudde den kalde krigen var over for godt og marknaden og det frie initiativ skulle styre verda. No skulle vi hegne om privatlivets rett. Nyfikne nabokjerringane og nasevise politikarar skulle blanda seg minst mogleg i våre saker. Alle skulle få bestemme over seg og sitt. Slik byrja vi å dyrke oss sjølve og bry oss mindre med andre. Vi heldt oss med ein ansvarsfråskrivande ironi der alt vart like viktig eller uviktig og der det var god plass for våre veksande ego. «Det er vanskeleg å gå i seg sjølv. Det er mykje lettare å gå i andre» sa Rolf Wesenlund i rolla som feriebiskop Fjertnes den gong. Det lo vi godt av. No i våre dagar er det motsett: Mange av oss går mest i oss sjølve og alt for lite i andre. Respekten for individet kan også vere ei sovepute, når vi let andre menneske segle sin eigen sjø. Men...

Tradisjonalisten

  - Dei protestantiske kyrkjene har blitt demokratiserte. Ein har late folk flest   bestemme teologien. Ikkje Guds ord og kyrkja sin tradisjon. Det er ei veldig uheldig utvikling, seier Ottar Svein Mikael Myrseth. Ei lang teologisk utvikling   har ført han dit han er i dag – biskop og øvste leiar i Den Nordisk-Katolske kyrkja.   74-åringen, som plussa på   namnet sitt med Mikael då han vart prestevigd   i kyrkjesamfunnet i 2001, kunne   naturlegvis ha nytt sine pensjonist-år uforstyrra på hytta på Gjæveneset i Hundeidvik. Men slik vart det ikkje. Han har alltid   vore ein opprørar, seier han. Engasjementet hans let seg ikkje utan vidare pensjonere. Bedehuset   Han voks nærast opp på bedehuset i Hundeidvik, der far hans var ein av leiarane. Når det kom omreisande predikantar, budde dei gjerne heime med familien deira. Då gjekk drøsen mykje om åndelege ting. Den religiøse interessa har Ottar Myrseth fått med seg frå barnsbein av.  ...

Sykkylven Pensjonistlag 50 år

  På syttitalet byrja foreiningar av pensjonistar å gro fram i sunnmørsbygdene. Det vart snakka om vellykka pensjonistlag i andre kommunar. Gode møteplassar for eldre menneske mangla i lokalsamfunna. Enno hadde ikkje eldre menneske så lett for å kome ut og treffe andre menneske. Mange var einsame. Kommunen var vid og enno var grendene   dei naturlege einingane i kommunen. Mange hadde ikkje sertifikat og bil. Det hadde grodd fram eit behov blant dei som hadde avslutta arbeidslivet   for å treffe andre menneske for å snakke om det dei sjølve var opptekne av. I 1975 tok sosialstyret i Sykkylven eit initiativ. Også Sykkylven burde få seg eit forum for pensjonistane. Det førte til at nokre pensjonistar frå Sykkylven bad om eit møte med Stranda Pensjonistlag, som alt var i god drift. Då dei kom heim frå Stranda, hadde dei fått blod på tann. Trygda og tryggleiken   Den norske velferdsstaten hadde utvikla seg sterkt etter den andre verdskrigen.   Å sikre eldre m...

Flyktningane som fann freden på Fauske

  Alfred Guttmann hadde eit stort namn i Tyskland både som vitskapsmann, humanist og kunstnar. Men han var også jøde. Forfølginga etter at Hitler tok makta, sende han på flukt til sitt andre fedreland, Noreg. Men nazismen var hakk i hæl… Det er nok ikkje så mange som lenger hugsar det eldre ekteparet Eva og Alfred Guttmann som kom flyttande til Sykkylven like etter at krigen var slutt. Dei bygde seg eit lite hus på tomta Steinhagen på Ytre Fauske.   Det   var nok ein viss uro blant bygdefolket. Haldninga   til alt som var tysk var naturleg nok fiendtleg så kort tid etter krigen.   Men etter kvart som bakgrunnen til paret vart kjend, minka skepsisen. Det gjekk opp for folk at sjølv om dei var tyske, var dei sjølve offer for nazismen. Nokre fekk også direkte nytte av kunnskapen og erfaringane   til dr. Alfred Guttmann, då han praktiserte som «nerve-lege» - altså psykiatar – i Sykkylven nokre år etter krigen. Eva og   Alfred Guttmann fekk som nokre av...

Liv i leiren på «Emmedal»

  Korleis var miljøet på møbelfabrikkane på tampen av mellomkrigstida . Korleis prata og tøysa dei med kvarandre? Dei skriftlege kjeldene gir lite svar. Er det fabrikkfoto, er det som regel teke utandørs med arbeidarane alvorleg oppstilte på ei trapp eller mot ein murvegg. Bilde av travle arbeidarar i full sving på fabrikkgolvet finst nesten ikkje. Men i arkivet til Møbelmuseet finst det ein prolog som truleg er framført på ein bedriftsfest ved Emdal-fabrikken i Straumgjerde i 1939. Den gir eit humørfylt bilde av arbeidsvilkåra og den spøkefulle tonen som også kunne prege dei lange og einsformige arbeidsdagane på fabrikken. Kven som førte prologen i pennen og eventuelt framførte den, veit vi ikkje. Prolog Vi kallar diktet for prolog her i årboka. Ein prolog er eigentleg eit dikt som blir framført som innleiing til ei fest forestilling , eit stemne eller liknande . I vestnorsk tradisjon er ein prolog oftast eit spøkefullt festdikt   om eller til ære for publikum. Svu...

Ein time attpå

 Kan du få trea til å slutte å vifte. Det er så ekkelt når dei lagar sånn vind», sa veslejenta. Ho tenkte litt feil, men var på sporet av en samanheng og ho fann raskt ut av det. Å følgje eit førskulebarn på tur, kan vere ei krevjande affære. Det blir nokre spørsmål å svare på. Ein må kunne gi truverdig svar på kvifor nokre bilar har to eksosrøyr og kor mange bein det er på ein tordivel. Ungar leikar dokter eller brannmann eller er ein omsorgsfull familie som byter bleie på dokker og teddybjørnar. Ting skal prøvast i praksis. Derfor er det naturleg  å klatre i tre og  henge etter knehasane frå ei alt for tynn grein. Det blir nokre skrubbsår og skjennepreiker av slikt. Men dei blir også mange nyttige erfaringar og mykje handfast kunnskap rikare.  I sine første leveår er ungar programmerte til å suge til seg impulsar. Dei prosesserer effektivt den usystematiske straumen av inntrykk som dei fordomsfritt tek inn gjennom alle sansar. Dei lærer mange ulike ting samtid...

Hekta på slekta

Å sitje gjerandslaus og berre sjå på folk, er slikt som gammalt folk kan finne på å gjere. Vi sit ikkje berre og glaner. Vi har opplevd nok til at det kan bli både ei festleg og ei kreativ stund. Stasjonsmeisteren hadde gått av med pensjon etter femti år. Likevel kom han kvar dag til stasjonen og sette seg på benken utanfor. Han fekk naturleg nok spørsmål om kvifor. Han forklarte det slik: «Her kjem eit tog. Det gir eg fan i. Her kjem eit tog, det gir eg fan i…». Pardon my french, som engelskmannen seier. Orsak også for at eg dreg inn noko så eksotisk som ein stasjonsmeister her det ikkje er skinnegåande køyregreier på lang lei. Historia er svensk, derfor bannskapen. Ho skal minne oss om at når ein er sjuogseksti, så gjer ein som ein vil. Og det ein vil, er ofte å granske slekta. Og   det kan vi også gjere, om lysta er der. Ingen sjef sjefar lenger over oss. Som pensjonistar treng vi ikkje å pusse på fasaden heile tida, sjølv om mange gjer det. Vi har levd lenge nok til at a...

17. mai 2025

  Gratulerer med   dagen, godtfolk! Det er ein fantastisk dag. Flagg i vinden, kvite fjell, grøne lier. Ungar i finstasen med iskrem rundt munnen og grønske på knea. Stolte foreldre i blådress og bunad. Dette er dagen for å feire oss sjølve og landet vi bur i. Vi feirar folkestyre og våre humanistiske verdiar. Vi feirar våre demokratiske tradisjonar og ropar hurra for fellesskap og tryggheit. Det er verdiar vi ikkje tenkjer så mykje på elles. Det er lett å sjå på slike tradisjonar og verdiar som sjølvsagte. Men dei er kanskje litt mindre sjølvsagte i år enn tidlegare. ----   For det er tunge tider vi lever i. Den utanrikspolitiske situasjonen har ikkje vore meir alvorleg på åtti år, seier utanriksministeren. Altså sidan krigen. Stormaktene har blitt grådigare. Det er krig i Europa. Russland driv angrepskrig og gjennomfører nådelaus bombing av sjukehus og bustadblokker i Ukraina, natt etter natt. No kan vi heller ikkje kjenne oss trygge for våre gamle allierte i ...