Innlegg

Hytte i tredje etasje

Hytte i tredje etasje Påskesnø har blitt like sjeldan som badetemperatur i fellesferien. Men hytteliv er framleis draumen. Ein av dei. Særnorsk kultur sluttar aldri å forbløffe utlendingar: Ikkje før kunne innbyggjarane av vår ein gong lutfattige nasjon forlate sine trongbudde hus og ta del i sivilisasjonens gleder, før dei retta blikket mot fjellheimen. No var det store ønsket ein fristad der vi kunne kople av frå velferdssamfunnets krav og mas. Så snart helga kom, sa dei farvel til  det gode liv i byggjefeltet og drog til fjells. Der rekonstruerte dei alt våre foreldre hadde lagt bak seg av plunder og heft og hardt kroppsarbeid. Våre draumeslott i villmarka skulle helst byggjast med eigne hender. Her skulle det vere torvtak og tørrmur, furupanel og parafinlampar, raudruta gardin bak småruta vindauge og langt til bekken etter vatn. Ved skulle hoggast og doar tømmast. Om kvelden skulle ein kvile ut etter alt det ærlege slitet på ein hard pinnestol, drikke lunka kokekaffi og ...

Store ord og små ord

 Når eg no først er her. Ein presentasjon: Kjetil Tandstad frå Sykkylven, Medieutdanna og elles halvstudert røvar i historie. Fartstid i den nynorske kommentaravisa Dag og Tid, Nynorsk Pressekontor og 27 år i Sunnmørsposten - av dei 17 år på Stranda-kontoret. No leiar for Møbelmuseet i Sykkylven. Skriv litt både her og der. Snart pensjonist. Eg prøver ikkje å tenkje på det. STORE ORD Eg er eit skrivande menneske. Eg skriv om mange emne men eg blir meir og meir fascinert av måten meiningar kan uttrykkjast.  Eg er glad i ord, men prøver å sky dei som er alt for store. Men dei høyrer også språket til. Di eldre ein blir, di meir forstår ein kor grunnleggjande språket vårt er. Ein av dei få gongane eg synest det er lov å ta fram dei verkeleg store orda, er når ein skal snakke om kor viktig språket er. For språk er meir enn ei samling teikn vi kan sende beskjedar med. Det er eit kraftfullt og følsomt medium. Det er så  avansert at det skal godt gjerast vi skal ...

Vips, så uglar vi oss

Stadig nye tenester med krøkkete passord tvingar seg på oss. No skal det bli Vipps for alle pengane. Legg gjerne igjen lommeboka, men gløym for guds skuld ikkje telefonen! Fleire enn hundre bankar  har kunngjort at dei vil satse på den mobile betalingsløysinga Vipps. Når så mange bankar vil, blir vi ein nasjon av vipsarar, anten vi vil eller ikkje. Berre nokre tastetrykk på telefonen, så flaksar våre tenkte hundrelappar over sjø og land og inn på kontoen til våre kreditorar. Som om vi nokon gong har klaga over at det er alt for vanskeleg å bruke pengar.   Lyst på eit nytt ord? Her kjem det. Å ugle seg. Nei, eg hadde heller ikkje høyrt det før. Det hadde ikkje ein gong Ivar Aasen. I  all fall fann eg ikkje ordet i mi faksimileutgåve av Norsk Ordbok.  Å ugle seg, tyder å skjere grimasar, for å skremme eller aller helst berre for moro. På norrønt så ygla dei, fortel quizmasteren i ei avis. Og ugling  har det no blitt så mykje av at vi godt kan ha fleire...

Scanna i panna?

Hjernen er stjernen. Sjarmen med tarmen. Gleden med skjeden: Tre ganske ferske titlar på norske populærvitskaplege bøker som har slått godt an i bokhandelen. Faktabøker om enkelte kroppsdelar med enderim-titlar er det nye store i faglitterære krinsar, endå ein kan finne både nok og for mykje om sjukdom på internett. Det stoppar nok ikkje med dette: Nokon kjem med ei ny bok om hjernen, som til dømes kan heite Scanna i panna. Frå det er det kanskje ikkje så langt til ei  nordnorsk indremedisinsk faktabok for dei som har si fulle hyra med ny ra. Vi ventar elles på Gle’a med knea, Harmen over armen eller Smaken på baken . Det er også ein ide å presentere populærvitskap saman med populærmusikk: Valsen om halsen eller Ompa i rompa .  Eit språk inneheld uendeleg mange ballar å leike og sjonglere med. Vil ein ha fleire forviklingar, er det berre å blande eitt språk med eit anna. Engelskspråklege, som enno har barnet i seg, sluttar aldri å knise når dei les åtvaringane på ...

Mot raudare tider

Det går mot lysare tider, seier almanakken, som er ganske åleine som gledesspreiar. Men eit grått år har gått. No skal det meste bli lidenskapeleg og raudt.  2016 var eit år der det meste gjekk gale. Med Trump som president i USA, Storbritannia utan landtau til Kontinentet og Per Sandberg som framtidas diplomat, kan det ikkje bli særleg betre i år. Vi har jamført oss med ein hær av trendforskarar og kommentatorar med glaskule. Dei meiner som vanleg det eine og det andre. Men mange trur pulserande raudt no skal avløyse grått før det nye året er omme.  Dei siste åra har motediktatorane forklart oss at  husa våre måtte vere kvite og alle interiør måtte målast i fargar henta frå paletten fifty shades of grey . No blir det ombot. Raudt er ei forlenging av rosa, men med sterkare puls, forklarar eigedomsmeklar Krogsveen. Årets farge er raudt som hjarteblodet, seier trendforskaren. Han meiner vi søkjer oss mot ein meir ekte og engasjert og lidenskapeleg livsstil: I e...

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne

Av Kjetil Tandstad To ungdomsskuleelevar vart drepne og mange skadde då ein skulebuss køyrde av vegen i Tynesstranda i 1966. Laurdag 3. september og stor stemning i skulebussen til Straumgjerde. Den sjette skuledagen i veka var over. Helga stod for døra. Dei fire grøne skulebussane frå Stranda og Sykkylven Billag vart fylte opp av skuleelevar frå 7., 8. og 9. klasse ved ungdomsskulen for å ta fatt den lange vegen mot Velledalen og rundt fjorden til Sørestranda og Hundeidvik. Blant dei rundt 30 elevane som var passasjerar var det som vanleg eit lykkeleg lurveleven. Storøygde sjuandeklassingar, med berre nokre vekers fartstid på den nye skulen, lytta imponerte til dei store gutane bak i bussen som kunne skryte  av sin erfaringar og sine forventningar til laurdagskvelden. Svak vegkant Alt var som vanleg då bussane køyrde etter kvarandre langs riksvegen innover mot Tynesstranda. Ein møtande personbil køyrde til sides og stoppa. Tre bussar passerte utan vanskar. Men då den fj...

Lang kamp for promille

I løpet av femti år har Sykkylven endra seg frå tørrlagt bedehusland til eit lokalsamfunn med vin på kafeen, øl i butikken og eige pol. Fremst i striden for skjenkerett på 60-talet stod ein syngjande hotellvert frå Nord-Noreg. For femti år sidan kom Ernst Ellingsen som sjef for  det som sykkylvingane var vane med å kalle Hotellet, men som no fekk  namnet Sjølyst Gjesteheim, etter kvart Sjølyst Turistheim. Sykkylven har lange hotelltradisjonar, men hotellet som den nye hotelldirektøren overtok, var nedslite og gammaldags og med eit elendig belegg.   Ernst Ellingsen var ein frittalande nordlending. Han kom rett frå nattklubben Regnbuen i Oslo og hadde sine profesjonelle erfaringar frå hovudstaden. No ville han satse på hotelldrift i den blomstrande møbelkommunen Sykkylven. Det gjekk ikkje lenge før han gjorde det klart at han måtte ha skjenkerett for spisegjester om han skulle kunne skape eit moderne hotelltilbod. Han viste til at hotella i nabobygdene Ørsta og Stran...