Innlegg

Gammal i bunkersen

      Vi tenkjer konstant på krigen i Ukraina,  også når vi klukkar og ler blant kjentfolk mellom butikkhyllene og teier om det forferdelege. Men kva kan ein gjere anna enn å sukke? Granatar mot barneheimar og atomkraftverk! I førre hundreåret, ja vel. Men midt i Europa og no? Det er den gamle, vonde leksa. Mektige gamle menn gøymer seg for folket i bunkeren og synest dei må bli endå mektigare. Folk som tenkjer litt annleis forsvinn ut bakdøra. Til slutt er det berre dei som alltid er samde med sjefen som er igjen. Når alle fortel sjefen han at han er genial og alltid har hundre prosent rett, er det ikkje rart at han byrjar å tru på myten om seg sjølv. Slik blir ein diktator fødd. Og då har vi det gåande. Med unntak av i Nord-Korea, der diktator-rolla går i arv, er dei eineveldige autokratane gjerne godt oppe i åra. Eg er sjølv blant dei eldre og det er ikkje til å kome forbi at ein blir litt stivare i tankegangen. Det meste var betre før, synest vi,  ...

Årboka første 30 år

  Årboka første 30 år    (Framført av Kjetil Tandstad i samband med årbokslepp museet 1. desember 2021.) Eg oppdaga plutseleg til min forskrekkelse at vi hadde gitt ut årbok i 30 år. Synest ikkje det er så lenge sidan vi stod på trappa på Olagarden og sa at vi burde gå i gang med å lage ei årbok for Sykkylven , skreiv Eldar Høidal til meg i ein e-post nyleg. Men det var ikkje vi som fann på det. I forordet til den første årboka i 1992 takkar Eldar Høidal den tidlegare leiaren i sogenemnda, Øystein Eliassen, for at han hadde lansert ideen. Der på trappa snakke vi først og fremst om å lage eit historisk tidsskrift. Etter kvart fann vi ut at ei årbok var litt meir spenstig. Då kunne vi både ha historiske artiklar og meir tidsaktuelle bidrag. Eitt eksempel er bildekavalkaden som vi lagar i samarbeid med Sykkylvsbladet/Nyss. Det var tenkt som eit Sykkylvens H v e m, h v a , h v o r   med foto   og litt tekst frå det viktigaste som skjedde dette spesielle året...

No må vi snakke om sjøsida

  Rema-butikken er plassert og ein langvarig lokaliseringsdebatt er over. Men det er mykje meir vi treng å snakke om. Ingen må få lage hakkemat av resten av indrefileten. Det som det hastar mest med, er innspel til utforminga av Rema-bygget. Tidlegare forslag stilte i utsikt eit «operatak». Bygget skulle tole påbygg på fleire etasjar, om kommunen ville.   No er tomta flytta sørover. Avtalar skal gjerast. Då må ein passe på at utbyggjar står ved sine lovnader om å gi bidrag til trivselen i området. No ventar vi oss meir enn eit standard hangarbygg frå ein utbyggjar som får lov å breie seg på ei av våre mest attraktive tomter. Tribunetrapp og tilgang for publikum til deler av butikktaket er framleis element som kan gi området eit skikkeleg løft. Stopp-effekt Det andre store spørsmålet er korleis resten av arealet på sjøsida skal utnyttast på best mogleg måte. Sykkylven opplever turistane i stor grad gjennom bilvindauget i fart. Her trengst noko som gir stopp-effekt. No spø...

Maskert kvardag

   Pandemien lakkar mot slutten. Bank i bordet: Vi kan snart kaste maska - viss vi vil.   I lang tid har vi kledd oss som bankranarar i butikken. Vi nikkar og smiler usynleg bak maska når vi ser nokon det kanskje er noko kjent med. Men det er vanskeleg å orientere seg når det einaste vi har å halde oss til er eit par mysande auge i den smale stripa mellom topplua og munnbindet. Då er faktisk litt spesielt at det akkurat i desse dagar har blussa opp ein hissig debatt om hijab i sosiale media. Stilige mørke damer gjer suksess på catwalken med skaut rundt hovudet og får tyn i kommentarfelta fordi dei ikkje tek avstand frå plagget. Men damene svarar tilbake: Hendene vekk frå hijaben min, seier fotomodellen Rawdah Mohamed. For hijab er noko anna enn burka og nikab som stenger for både inn- og utsyn og held kvinnene effektivt lenka til kjøkkenbenken. Hijaben er eit skaut og skjuler ikkje meir av hovudet enn dei kunstferdige knytte skjerfa som norske damer snurrar fire gon...

Gildehall for næringsutvikling

Bilde
  Dei arkeologiske funna på og ved Auremarka tek oss   ti tusenår tilbake i tid. Tenkjer vi ti år fram, har kanskje reiseliv blitt det ekstra beinet som den sårbare og einsidige industribygda Sykkylven kan kvile på .   I tiår på tiår har store mengder turistar passert Sykkylven utan å stoppe. Mange om bord i cruiseskip, mange i buss eller privatbil. Så langt har sykkylvingane hatt nok med å lage møblar og overlate til andre å vere vertskap for ferierande frå inn- og utland. Vi står ikkje tilbake for nokon når det gjeld fjord og fjell. Men kan den historiske Auregarden med alle sine arkeologiske funn utviklast til å bli vår nye attraksjon?   Ja, meiner konsulentselskapet Segel AS, som for få år sidan hjelpte opplevingssenteret Sagastad på Nordfjordeid i gang. Selskapet har levert ein forstudie om bygging av ein Gildehall på Auremarka til kommunen. Segel AS tenkjer seg gildehallen som ein del av ein førhistorisk park på Auremarka. Her står eit bronsealderhus alt ...

Landsbyen vår

    Er du ukjend turist og kjem til Sykkylven sentrum ein vanleg kveld, kan du få mistanke om at plassen er fråflytta. Vi skulle hatt ein skikkeleg   landsby, seier mange. Om ikkje som i Syden, så i alle fall som i England, med, yrande folkeliv, trivelege småbutikkar og kanskje ein pub å søkje ly i når det regnar. Men skal Sykkylven halde på innbyggjarane og lokke turistar må vi selje trivsel og idyll like effektiv som vi i dag sel møblar. Det manglar ikkje på forslag. Med ujamne mellomrom kjem det forslag om hotell og badeland, bowlinghall og stupetårn, gildehall og gondol til Aurenakken. Ideane er gode nok, men strandar oftast på manglande finansiering. Handelsforeininga har vore mest opptekne av   parkeringsplassar, men turistar kjem ikkje til Sykkylven for å parkere. Utgangspunktet for ein velfungerande landsby er slett   ikkje så verst. Det kan vi takke storbrannen i 1939 og gjenreisingsarkitekten Sverre Pedersen for. Han teikna det nye Aure som e...

Harde pakkar

  Så er dagen komen med si glede og barnlege lyst. TV-en er full av julemusikk og gamle julefilmar. Juletreet er stivpynta med ei røys av gåver under som vi alle har lyst til å kjenne på: Kven får den store der? Blir det hard eller mjuk pakke på oss i år? Slik tenkjer vi at det framleis er, i alle fall for dei yngste, der dei sit med sine ipadar og spelkonsollar og gumlar ostepop i sofaen medan dei ventar på grauten og ribba og julegåvene. Tida gjekk aldri   tregare enn desse timane med spent forventning, hugsar vi. Dei mjuke pakkane var greie nok. Men ein hard pakke kunne vere ei bok, kanskje den siste om Hardy-guttene, meisterdetektiv Blomquist eller om indianarguten Lerstrømpe i dei djupe amerikanske skogane. Vi hadde ikkje TV den gongen. I femtiåra fann vi dramatikken mellom permar. Det skulle ikkje mykje til før vår indre filmframvisar slo seg på og rykte oss ut av kvardagen. Detektivheltane Frank og Joe   Hardy vart livs levande. Vi hadde aldri vore i Sverige el...