Gildehall for næringsutvikling
Dei arkeologiske funna på og ved Auremarka tek oss ti tusenår tilbake i tid. Tenkjer vi ti år fram, har kanskje reiseliv blitt det ekstra beinet som den sårbare og einsidige industribygda Sykkylven kan kvile på . I tiår på tiår har store mengder turistar passert Sykkylven utan å stoppe. Mange om bord i cruiseskip, mange i buss eller privatbil. Så langt har sykkylvingane hatt nok med å lage møblar og overlate til andre å vere vertskap for ferierande frå inn- og utland. Vi står ikkje tilbake for nokon når det gjeld fjord og fjell. Men kan den historiske Auregarden med alle sine arkeologiske funn utviklast til å bli vår nye attraksjon? Ja, meiner konsulentselskapet Segel AS, som for få år sidan hjelpte opplevingssenteret Sagastad på Nordfjordeid i gang. Selskapet har levert ein forstudie om bygging av ein Gildehall på Auremarka til kommunen. Segel AS tenkjer seg gildehallen som ein del av ein førhistorisk park på Auremarka. Her står eit bronsealderhus alt ...